Ferdigpakka varer som blir eksportert frå eit land til eit anna innan EU blir gjenstand for ulike regelverk med tanke på nettoinnhald i pakninga. For ferdigpakninger som er e-merka, gjeld likevel eit felles regelverk for alle EU/EØS-land. Dette regelverket er beskrive i EU-direktiv 76/211/EEC med endringsdirektiv og gjort til ein del av norsk lovgiving gjennom EØS-avtalen og forskrift om krav til nettoinnhold med videre i ferdigpakninger.

Se også relaterte sider

Generelt om ordningen

Ferdigpakninger som er e-merka skal blant anna ha eit gjennomsnittleg nettoinnhald som er likt eller større enn det påmerka nettoinnhaldet. e-merket kan nyttast på varer som fylles til ein forhåndsbestemt nettoverdi i området 5 gram/5 ml til 10 kg/10 l. Det er satt toleransar for kor mykje mindre enn påmerka nettoinnhald som det kan vere i enkeltpakninger.

Ordninga er frivillig, men bedrifter som ynskjer å e-merke varene sine, skal i samsvar med forskriften melde dette til Justervesenet. Det er og ulovleg å importere varer som er e-merka og pakka i land utanfor EU/EØS-området utan å melde og ha fått meldinga godkjend av Justervesenet. For ferdigpakninger som er e-merka i eit anna EU-/EØS-land, treng ein ikkje å sende melding og få denne godkjend av Justervesenet.