Justervesenets klokke UTC(JV): ...

Du visste kanskje at Justervesenet fører tilsyn med vekter i daglegvarebransjen?

Justervesenets erfaring tilseier at dei aller fleste vektene oppfyller krava til nøyaktigheit. Det hender likevel at det vert oppdaga feil, som i dette tilfellet.

I Noreg finst det meir enn 21.000 vekter i daglegvarehandelen som er underlagt tilsyn. – Det betyr ikkje at Justervesenet kontrollerer alle saman kvart år.

Justervesenet bruker mellom anna kunnskap om risiko for feil i målingane som grunnlag for kor mykje tilsyn som skal gjennomførast, og ut frå dette blir ressursbruken og hyppigheit planlagt. Kunnskap om kvar enkelt aktør kan påverka kor ofte og kven som blir besøkt, og det blir og gjennomført stikkprøvetilsyn.

Hånd som setter klistremerke med "tilsyn utført" på display for vekt

Kva er Justervesenets oppgåve?

Justervesenet har som har som oppgåve å sjå til at det ikkje er feil på vekter – og kontrollera at dei veg rett og oppfyller krav som blir stilt. Me reparerer ikkje eller fiksar feil.

Det er butikkane sitt eige ansvar å sjå til at vektene veg rett. Dette kan dei følgja opp med eit eige system der dei regelmessig kontrollerer vektene sine. Her er Justervesenet oppteken av god dialog og informasjon slik at det er lett for butikkane å kontrollera sjølve.

Kva gjer du viss du mistenkjer at noko blir vege feil i butikken?

  1. Ofte har butikkane fleire vekter (frukt, godteri, kasse), ta ein sjekk på ei anna vekt eller heime, om du kan.
  2. Dersom du opplever store feil, ta kontakt med butikken direkte, så butikken blir klar over feilen og kan hjelpa deg.
  3. Du kan og ta kontakt med Justervesenet via e-post til postmottak@justervesenet.no merka «Tips butikkvektar». Førespurnader blir lagt til i risikovurderingar og oppfølging blir vurderte etter heilskapleg inntrykk.