SI-systemet

SI-systemet (Système international d’unités) er det internasjonale einingssystemet for målestørrelsar som vart formalisert i 1960. Det er bygd på det metriske systemet som vart oppretta av Meterkonvensjonen 20. mai 1875.

Illustrasjonen viser SI-systemets hovedenheter.

Oversikt under SI-systemet

Noreg har vore med sidan Meterkonvensjonen starta, og konvensjonen sitt mål har vore at alle land skal forholde seg til det same målesystemet for å sikre einsarta måleresultat.

SI-systemet sikrar ei felles forståing av måleeiningar som til dømes meter og sekund, og at dei er samanliknbare og konsistente over heile verda. Alle land er avhengige av konstante og enhetlige målingar for å sikre tillit til handel, forskning, miljø, medisin med meir.

Eit system for framtida

Den 16. november 2018 vart SI-systemet revidert på generalkonferansen for mål og vekt, med verknad frå verdas metrologidag 20. mai 2019. Dette kan vi kalle ein revolusjon, da alle grunneiningane blir basert på naturkonstanter. Ein har og vorte samde om dei numeriske verdiane knytta til konstantane.

Dermed lagar ikkje definisjonane avgrensingar i seg sjølv. Nå er det berre teknologien som set grenser for kor nøyaktig vi kan måle dei. Vi har eit universelt system for all framtid.

 

 

SI-systemet består av 7 grunneiningar

 

Kilogram (kg)

Eininga for måling av masse

Meter (m)

Eininga for måling av lengde

Sekund (s)

Eininga for måling av tid

Ampere (A)

Eininga for måling av elektrisk strøm

Kelvin (K)

Eininga for måling av termodynamisk temperatur

Mol (mol)

Eininga for måling av stoffmengde

Candela (cd)

Eininga for måling av lysstyrke