Justervesenet jobbar kontinuerleg med utviklingsprosjekt knytt til regelverk og tilsyn med målingar. I dette arbeidet blir Utredningsinstruksen følgt. Målet med utgreiingsarbeidet er å til kvar tid ha eit oppdatert og vel fungerande regelverk og eit effektivt tilsyn med at regelverket blir respektert.
Justervesenet er opptekne av å involvera ramma partar i utviklingsarbeidet. Kontakt med bransjeaktørar er derfor viktig når nye område skal greiast ut.
Ved større utgreiingsprosjekt som kan medføra vesentlege endringar for brukarar av målereiskap, vil utgreiingar leggjast ut for høyring. Eventuelle regelverksendringar som følgje av utgreiingar, vil sendast på ordinær høyring om regelverksendringar.
Aktuelle utgreiingar
Vurdering av innføring av krav under bruk til avgass-, vass- og varmemålarar
Justervesenet utførte i 2019-2020 ei utgreiing på spørsmålet om det bør innførast krav under bruk til avgass-, vass- og varmemålarar i det måletekniske regelverket. Dette er samanfatta i rapporten (PDF) under:
Vurdering av innføring av krav under bruk til avgass-, vass- og varmemålarar
Dersom du har spørsmål til utgreiinga, ta kontakt med Eli Mogstad Ranger.
Utgreiing om målingar av elektrisk straum
Justervesenet greia ut i 2019 og 2020 behov for endringar i regelverk og tilsyn på området for måling av elektrisk straum. Det vart mellom anna kartlagt om det er behov for at det blir sett krav til elektrisitetsmålarar som blir brukte ved lading av elektriske bilar. Ein eigen rapport i Pdf-format knytt til dette finn du på lenkja under:
Rapport – Utgreiing om måling i elbilladarar
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Berit Hallenstvedt
Avslutta utgreiingar
Utgreiing om gassmålarar
Justervesenet har greidd ut behovet for at gassmålarar som blir brukte ved økonomisk oppgjer blir regulerte i det måletekniske regelverket: Utgreiing om gassmålarar
Utgreiing om mobile applikasjonar som alternativ til taksameter
Justervesenet fekk i 2016 i oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet å greia ut moglegheita for å setja funksjonelle krav til nye måleinstrument som kan nyttast som alternativ til dagens taksameter. Resultat frå utgreiinga kan lesast i denne rapporten.
I tråd med tilrådinga frå Justervesenet i den ovannemnde rapporten vart arbeidet vidareført i ei samarbeidsgruppe med representantar frå Samferdselsdepartementet, Konkurransetilsynet, Forbrukarrådet, Pasientreiser HR og Skattedirektoratet. Justervesenet leidde arbeidet i denne gruppa, som leverte rapporten sin til Nærings- og fiskeridepartementet i slutten av februar 2019.
Utgreiingsrapporten kan lesast her: Utgreiing alternativ til taksameter
Eventuelt nytt regelverk med krav til alternativ til taksameter vil heimlast i yrkestransportlova. Den vidare prosessen med regelverket blir derfor handtert av Samferdselsdepartementet.