I tråd med EØS-avtalen vedlegg II kap. IX er desse direktiv på området legal metrologi implementert i norsk regelverk:

Direktiv med krav til måleinstrument

Direktiv om måleinstrumenter (MID) 2014/32/EU (Tidligare 2004/22/EC )
Direktiv om ikke-automatiske vekter (NAWID) 2014/31/EU
(Tidligare 2009/23/EF og 90/384/EEC)

Normative dokument og retningslinjer for direktiva

 

Bildet viser tellerverket på en vannmåler.

Direktiv om måleeiningar

Direktiv om målenheter (80/181/EEC)

Meir om direktiva

Måleinstrumentdirektivet (MID) og direktivet om ikkje-automatiske vekter (NAWI) vart vedteke i 2014 etter ein revisjon av eldre direktiv. For meir informasjon om endringane, sjå Europalov sine nettsider om MID og NAWI.

Dei nye direktiva er implementert i norsk regelverk og har vore i kraft i heile EØS-området frå 20. april 2016.

Kva vart endra i direktiva?

Dei nye direktiva fra 20.april 2016 førte til få reelle endringer. Endringane besto i hovudsak av tydelegare gjengiving av gjeldande praksis og tydelegare språk. For eksempel vart krav til økonomiske aktørar gjort tydelegare. I tillegg vart samsvarsmodulane for samsvarsvurderingar etter MID og NAWI koordinert.

I dokumentet informasjon om nye direktiv (PDF) har vi samla det som fører til reell endring for deg som økonomisk aktør.

For deg som brukar måleredskap

Endringane i direktiva fører ikkje til endringar for deg som brukar måleredskap. Dersom du har kjøpt måleredskapet før 20.april 2016, kan du selge eller bruke det etter denne datoen, sjølv om det er godkjent etter dei gamle direktiva. Det einaste du må passe på er at måleredskap godkjent etter dei gamle direktivene må ha vore mogleg å kjøpe (vora sett på marknaden) før 20.april 2026.