Den 23. mai gjennomførte Justervesenet ein omfattande kontroll av taksameter i Oslo, Lillestrøm og Ullensaker. Kontrollen var ein del av ein aksjon initiert av Statens vegvesen, og i samarbeid med andre etatar som Politiet, Skatteetaten, NAV og løyvestyresmakter i Oslo og Akershus.

Bilete: Statens vegvesen

Område med parkering, flere drosjebiler

Bilete: Statens vegvesen

Auka omfang og område

Aksjonen var mykje større enn tidlegare slike kontrollar. Rundt 50 tilsette frå vegvesenet deltok, saman med politi i fleire uniformerte bilar og på motorsyklar. Skatteetaten stilte med 12-15 kontrollørar, og NAV var til stades ved nokre av områda. Justervesenet deltok med seks kontrollørar og ein på backoffice.

Kontrollane fann stad på fleire stader i Romerike som Lillestrøm, Gardermoen og Jessheim, og dessutan i Oslo ved sjukehus, ferjekaiar og togstasjonar.

Resultat frå Justervesenet

Justervesenet jobbar heile tida for tillit til målingar og dei er ein føresetnad for eit velfungerande samfunn, som mellom anna skal sørgja for at folk får det dei betaler for. I dette tilfellet er det måleinstrumenta som blir brukte til økonomisk oppgjer i drosjar, som er underlagde regelverket vårt.

Justervesenet sjekka om lag 165 drosjar opp imot registeret sitt, 47 i Oslo. I tillegg vart 137 drosjar grundigare kontrollerte. Av desse var det tolv tilfelle med avvik, og ti pålegg om retting som mellom anna plombebrot utan innmelding og manglande melding om montering av taksameter. Dei to siste vedtaka handla om stansing, og ein av dei var ein sjåfør/løyvehavar som ikkje ville medverka til gjennomføring av kontrollen. Eit taksameter vart også mellombels fjerna fordi det framleis var i bruk etter ei tidlegare stansing.

I Justervesenets kontrollar blir vekt lagd på bruk av godkjende måleinstrument, funksjon og innmeldingar etter forskrift 20. desember 2007 nr. 1723 om måleiningar og måling (måleiningsforskrifta) og forskrift 1. oktober 2009 nr. 1226 om krav til taksameter (taksameterforskrifta).

To menn i synlighetstøy foran Lillestrøm stasjon
Mann i synlighetstøy som monterer ut taksameter fra drosje

Felles aksjonar i drosjenæring naudsynte

Statens vegvesen sine kontrollar avdekte brot på løyvereglane, manglande registreringar i samsvar med yrkestransportforskrifta, og manglande køyresetlar. Nokre sjåførar mangla førarkort og køyresetel, og enkelte bilar var i så dårleg teknisk stand at dei vart avregistrerte. Frå Justervesenets side viste tala til eit noko høgare talet på avvik enn normalt, og det er eit teikn på at det framleis er behov for kontrollar. I ein slik aksjon er også Justervesenets kontroll forenkla, noko som kan tilseia at det ville vorte avdekt andre feil ved ein grundigare kontroll.

Det tverretatlege samarbeidet gir effektiv utnytting av ressursar, og breiare forståing av utfordringane i næringslivet. Alle var følgjeleg samde om at det er naudsynt med slike kontrollar, då det er ein risiko for både tryggleik og ressursar med avvika ein oppdaga denne gongen. Dei fleste drosjesjåførar sette også pris på kontrollen, då dei som sjølv hadde alt i orden ønskjer ein rettferdig konkurranse i næringa.