Sjå for deg at du har fått ei oppskrift med framande måleiningar, eller du skal bestilla materiale til eit prosjekt, og leverandøren opererer med andre einingar som gjer at du må rekna om. Slike problemstillingar er ikkje utenkjelege, men eit felles målesystem forenklar kvardagen vår. Utviklinga har bevega seg frå mangfaldige nasjonale og lokale variasjonar som hindra samhandling, til det internasjonale SI-systemet basert på naturkonstantar.

Etableringa av Justervesenet 

Justerkammeret i Kristiania fungerte som ein distributør av godkjende måle- og vegeinstrument, og deretter også dei regionale justerings- og utsalsstader i Kristiansand, Bergen og Trondheim etablert på 1830-talet. Seinare i hundreåret kom også utsal til i Tromsø, Skien, Drammen, Stavanger, Ålesund og Kristiansund.

Innføringa av einingssystemet me kjenner i dag

Ved innføringa av det internasjonale metersystemet i 1875 vart eit landsdekkjande Justervesen innført, og dei lokale justerkammera vart underlagde dette. Den nye lova inkluderte omrekningsfaktorar frå gamle einingar som skjepper, fot, alen, pund og så vidare, til dei nye einingane som me bruker i dag.

Bakgrunnen for overgangen var at det gamle systemet no var «heilt eineståande og utan fullstendig samsvar med noko anna mål- og vektsystem, verken kva hovudeiningane eller inndelingane deira angår» (Kolsrud, 2012, s.151). Det metriske systemet hadde allereie vorte innført i fleire europeiske land, etter at Frankrike gjekk føre med innføringa i 1799.

Det nye metersystemet, som no offisielt blir nytta av over 95% av befolkninga i verda (Alder, 2003), har stadig vore og er framleis i utvikling. Banebrytande forsking har gjort at tidlegare definisjonar av meteren og kilogrammet laga av fysiske gjenstandar no er knytte mot naturkonstantar.

Nødvendigheita av korrekte målingar i samfunnet

I 1997 flytta Justervesenets hovudkvarter frå Nordahl Bruns gate 20 til Kjeller, eit spesialbygget nasjonalt laboratorium for utføring av avanserte målingar og forsking og dessutan lokale for tilsynsverksemd. Lokale distriktskontor bestod i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Det at me i lang tid har hatt lover og reglar for mål og vekt, og dessutan ei kontinuerleg forsking for betre nøyaktigheit og sporbarheit, har gitt samfunnet tillit til målingar. Det er essensielt for gode produksjonsprosessar, kvalitetskontroll og effektivitet for å redusera moglegheita for svindel og urettferdig praksis. Eintydige måleiningar gjer det mogleg å samarbeida, samanlikna og dela data på tvers av forskingsområde og nasjonale grenser samtidig som ein sikrar at forbrukarane får det dei betaler for.

Kjelder:

Alder, K.: Alle tings mål. Historien om meteren, en feil og en syv år lang odyssé. Cappelen, 2003.

Kolsrud, O.: Moderniseringsstaten. 1800-tallets direktorater. Universitetsforlaget, 2012, s.151.