Forskning og utvikling
Justervesenet har som mål å vera det fremste forskningsmiljøet for metrologi (sporbar måleteknikk) i Noreg. Vi skal utvikle ny kunnskap innan måleteknikk i samarbeid med norske og internasjonale partnerar og sørge for at dette kjem til nytte for Justervesenet, næringslivet og andre norske forskningsmiljø og akademia.
Oversikt under Forskning og utvikling
Deltaking i europeisk forskingssamarbeid er sentralt for Justervesenet, og vi representerer Noreg i «the European Metrology Partnership», eit program over 10 år på nær 7 mrd kr, finansiert delvis av EU og delvis av deltakande land. Dette er det tredje europeiske programmet vi har delteke i sidan 2008. I tillegg utfører vi forskning med finansiering frå andre kjelder og oppdrag frå bedrifter og offentlege organ. Sjå meir om programmet EURAMET her.
Vi gjennomfører også interne utviklingsprosjekt som del av vårt ansvar for å etablere og utvikle nasjonale normalar for SI-systemet og måletekniske tenester for kundar.
Vi tilbyr også oppgåver for studentar ved universitet og høgskular og det er gjennomført fleire slike på Bachelor, Master og PhD-nivå.
Kontaktperson: Hans Arne Frøystein