Samsvarsvurdering er ei avgjerd om:
- At ein type måleinstrument er i tråd med dei lovregulerte krava baserte på dei testrapportane og tekniske undersøkingane som er gjennomførte på måleinstrumentet.
- At måleinstrumentet er eigna til bruk innanfor det regulerte området og at det er forventa å gi pålitelege måleresultat innanfor ein lengre tidsperiode.
Det er produsent/leverandørs ansvar å sørgja for at det er gjennomført ei korrekt samsvarsvurdering, og dessutan stadfesta at alle reiskapane er i samsvar med krava i forskriftene.
For nærare spesifikke krav, sjå dei enkelte forskriftene og regelverka.
Samsvarsvurdering etter EØS
Dei lovregulerte krava er i hovudsak fastsette i norske forskrifter for dei einskilde gruppene av målereiskapar, og er ein implementering av to EU-direktiv. (NAWI – direktivet for ikkje-automatiske vektar, og MID – måleinstrumentdirektivet).
På desse områda er det etablert eit system med «tekniske kontrollorgan» (Notified Bodies). Desse er peike ut av dei einskilde nasjonale myndigheitene, og kan gjennomføre samsvarsvurderingar for produsent. Produsentane kan velje alternative samsvarsprosedyrar (ofte kalla modular) og står fritt til å velje blant dei tekniske kontrollorgana i Europa.
Justervesenet er teknisk kontrollorgan på fleire instrumentgrupper og på fleire godkjenningsprosessar som kan nyttast, med ID nr. 0431.