Det er ikkje kvar dag heile Noregs prototype takast ut av safen sin. Det er 13 år sidan sist, då turen gjekk til mekkaet til målefysikken, BIPM i Paris. No skal det skje igjen.

Klokke på håndledd og smarttelefon

Den norske prototypen er som den franske, ei legering av platina og irridium. No skal han på tur til det internasjonale byrået for mål og vekt, BIPM.

Utsnitt av hånd som peker på display på atomklokke

Muhammad gler seg til tur, særleg den delen der tryggingskontrollen er unnagjord. Til høgre kapselen prototypen blir frakta i.

Definisjonen er ikkje lenger eit lodd

I 2019 vart SI-systemet revidert, og kilogrammet vart knytt mot ein naturkonstant. Fram til då var definisjonen på eit kilogram massen av loddet som står hos BIPM i Paris. No tek definisjonen utgangspunkt i ei fiksering av Planck sin konstant, og gjer alle andre enn metrologer svimle:

Planck sin konstant h er 6.626 070 15 x 10-34 J s

I dag nyttast ein konsensusverdi (ein slags gjennomsnittsverdi) på kilogrammet, som er basert på målinger frå ulike nasjonale metrologiinstitutt. 

Har De noko å fortolla?

Overingeniør Muhammad Awais hos Justervesenet har pakka kofferten. Han er spent, for det er eit stort ansvar å passa på Noregs prototype. Kiloloddet kan ikkje hivast i kofferten han drassar på. Det har sin eigen kapsel. Ein kan få trøbbel i tryggingssjekken på flyplassen av mindre. Men det må til. Sjølv om verda har vorte digital må fysiske gjenstandar framleis flyttast på, og det er litt av ein prosedyre som blir sett i gang når eit lands kiloprototype skal kalibrerast.

Kvifor nøyaktig er viktig

Justervesenet sine primærnormalar blir kalibrert mot den norske prototypen, og arbeidsnormalar blir kalibrerte mot primærnormalane. Når kundar leverer lodd til kalibrering hos Justervesenet får dei vita heilt eksakt korleis lodda ligg an, med sporbarheit til høgaste nivå. Kvart år blir det målt for svimlande verdiar i industri og handel, og då er det viktig at det er nøyaktig.

På bildet til høgre:
Justervesenet sin masse-og fluidgruppe gler seg til Muhammad og loddet er vel heime igjen. Frå venstre: overingeniør Edvard Venslovas, avdelingsdirektør Hans Arne Frøystein, gruppeleiar Maxime Mussard, sjefsingeniør Henning Kolbjørnsen, målefysikar Elisabeth Thrane og overingeniør Muhammad Awais. Måleingeniør Arman Salimi (innramma) var ute på tur då biletet vart teke.

Held loddet vekta?

Inntil resultata frå Paris ligg føre ventar Justervesenet i spenning. Loddet har hatt ein tendens til å leggja på seg (nokre mikrogram) dei siste tiåra. Så lenge me kjenner avvika kan dette korrigerast for når lodda skal brukast i kalibreringsøyemed.

Fram til 2019 var det faktisk sånn at dersom the grand K, altså loddet i Paris, hadde fått eit fingeravtrykk på seg, eller bevare-oss-vel vorte mista i golvet, ville i prinsippet alt anna i verda endra vekt. Fordelen ved at me no har gått vekk frå ein definisjon som er knytt til ein fysisk gjenstand, gjer at dette ikkje lenger speler så stor rolle. For naturkonstantar har nokre fordelar. Mellom anna at dei nettopp er det dei er – konstantar!

For dei interesserte: Faktaark om masse og redefinering av kilogrammet